Startpage





download musicfile

Glashuset
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





Du er sint
på dei som syndar.
Sint på snørviktige,
utskjemte born
og villfaren ungdom.

Du har ti frie fingrar,
velbrukte peikefingrar
med domsord attom!

Sjølv er du rettferdig,
feit og blank av eigenrettferd -
som ein nysmurd Buddha.

Stans og snu deg om:
Tankane dine tek i framandt hold
som du ikkje eig.
Auga dine røvar reir
som for alle tider er freda.
Di misunnings lyst
stel bilar og flotte bruksting
som du sjølv ikkje har råd
til å rå deg.

Du var ein gong ung,
men har gløymt det.
Ville du at born og ungdom
skulle leva rett,
så burde   d u   for lenge, lenge sidan
ha levt rett -
og no det same.

For det er   d u   som har avla
snørviktige born,
det er   d u   som har vanseda
utskjemd ungdom!

Glashuset er bustaden din.

Så snart du er huslaus
- og ser det sjølv -
skal vi atter talast ved.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.